Frivillig

MÚRT’E

“Ein Múrt’e er ein person som jobbar jamnt og trutt, men ikkje så fryktelig fort.” 

Om lag 50 Múrtar (frivillige) er med før, under og etter festivalen – og gjer det til ei flott oppleving for gjestane våre 🙂

VIL DU VERE MED?

Som Múrt’e får du:

 

  • Jobbe saman med ein bra gjeng som har det gøy undervegs
  • Gratis festivalpass (må jobbe nok timar)
  • Fri ein av kveldane (om du ønskjer det)
  • Delta på Múrtehelg med planlegging og hygge før festivalen
  • Múrtefest med mat og drikke i løpet av hausten/vinteren
  • Halv pris på mat på festivalområdet

Du må vere 18 år for å vere Múrt´e.

Me treng hjelp til…

  • Billettsal, bongesal og informasjon
  • Rigging og rydding av festivalområdet (onsdag ettermiddag, torsdag ettermiddag, heile fredag og søndag)
  • Vakthald / “Hyggjemúrter”
  • Barpersonell og rydding
  • Nattevaktar
  • Rigging av scene/lyd/lys
  • Sjåfør
  • Plakatopphenging

For å tene inn festivalpass må du jobbe minst:

  • 8 timar i løpet av festivalen, eller
  • 18 timar før og etter festivalen, eller
  • 12 timar før, under og etter festivalen

Mange jobbar meir enn dette, og det set me sjølvsagt pris på 🙂

Me kan dessverre ikkje dekke reise og opphald for tilreisande, men kan hjelpe å skaffe overnatting til greie prisar.

Fyll ut skjema