Ida Maria

Ida Maria har hatt ei karriære som få andre norske artistar kan vise til. Ho slo gjennom via Urørt i 2007, og har sidan det spelt på festivalar som Glastonbury, Camden Crawl, Quart, Øya, Roskilde, Hove og Hultsfred.

I 2008 gav Ida Maria ut debutalbumet Fortress Round My Heart, og vann prisen for årets nykommar og tilhøyrande Gramostipend under Spellemannsprisen. Albumet selde til gull.

I 2014 kom EP-en Accidental Happiness, som musikkmagasinet Gaffa omtalar slik: "Hun fremstår noe mer innadvendt og ydmyk, men likevel med det overskuddspregede lydbildet vi kjenner igjen. Ida Maria er definitivt tilbake!"

Steve ´n´Seagulls

Denne fantastiske gjengen frå Finland kjem til Rekordfestivalen! Du er kanskje ein av dei meir enn 10 millionane som har sett denne videoen på YouTube? Gruppa held no på å spele inn eiga plate. Dei har slått seg opp med fengande cover av hardrockklassikarar framført i akustisk, heilamerikansk bluegrasstil. Dei trakterer alt frå banjo og trekkspel til skeier og ambolt. 

Dette blir garantert eitt av høgdepunkta på festivalen - ikkje gå glipp av det!

Torgeir Waldemar

Torgeir Waldemar speler ei inderleg blanding av country/ folk/ americana.

"Han har laget årets beste debut." - Avisa Nordlys

"Debutalbum med høy gåsehudfaktor." - musikknyheter.no

Torgeir Waldemar er omtalt i så og seie alle lister over den beste musikken frå 2014. Musikkjournalistane er frå seg av begeistring og ord som "ektefølt", "jordnær", "tilstedeværelse", "nærhet", "smerte" og "lengsel" går att. Christopher Schau byrja rett og slett å grine då Torgeir Waldemar var gjest og spelte i programmet "Rassisme" (klikk for å sjå).

Me høyrde Torgeir Waldemar på Sørveiv, og kan bekrefte at denne mannen verkeleg kan trollbinde publikum!


Slutface

Journalistar og dei som bookar festivalar og konsertar har stemt fram Slutface som eitt av dei 3 mest lovande, norske banda i 2015!

Slutface frå Stavanger blandar britisk pop-rock og New-Wave, legg til ei dose amerikansk vestkyst-garage og får til slutt ei heftig blanding som gjer at ingen kan sitte i ro på konsert med dei.

Sitte i ro gjorde heller ikkje me då me såg dei på Sørveiv i november. Endeleg får Nicolai vilja si - Slutface kjem til Hovden!

Cheap Karma

Dette unge bandet frå Kristiansand badar i musikk basert på harde riff og fargerike innspel av gamal funk og dansbar groove. Dei serverer eit rykande energisk liveshow som dei sjølv kallar "strukturert kaos". 

"Folkefavoritten fikk publikum i ekstase" skreiv Fædrelandsvennen etter at Cheap Karma spelte på Sørveiv. Me var der - og lot oss rive med! Bandet blir samanlikna med mellom andre Red Hot Chili Peppers og Rage Against the Machine. Kom kom!

MINNER FRÅ 2014

Her kan du sjå filmen frå 2014. Då spelte Violet Road, Honningbarna, Orango, Kirsten Bråten Berg, The BonBons, Susie & the Spuds og Electric Woodland.

Følg med her og på facebook for kva som skjer i 2015!

artistar tidlegare år

Violet Road, Honningbarna, Orango, Kirsten Bråten Berg, The BonBons, Susie & the Spuds, Electric Woodland, Mikhael Paskalev, Billie Van, Fjellfolk, Ruby Red & The Moonshine Brothers, The 2nd Hand Band, Valkyrien Allstars, Mirror Lakes, Trym, Monica Heldal, Doin´Time, Bulldozer, Kjetil Grande, Kim Andre Rysstad, Roberts Mojo Band, "TBA", Bjøro Hildebrandt, Grand Island, Karma Parking, Black Debbath, Bare Egil Band


Fredag
Laurdag

Fredag

Fredag 21. AUGUST 2015


PROGRAM FOR 2015 KJEM!


Laurdag

Laurdag 22. AUGUST 2015


PROGRAM FOR 2015 KJEM!

Billettar

Du kan no kjøpe billettar til Rekordfestivalen 2015!

Du kan enkelt velge å skrive ut billett, eller å få billetten på mobilen.

Billettprisane er høgare dersom du vel å kjøpe billett "i døra" - så du gjer altså lurt i å kjøpe på førehand :)

BILLETTPRISAR 2015 på førehand/ i døra:

  • Festivalpass kr 670*/ kr 800
  • Dagspass fredag kr 400*/ kr 500
  • Dagspass laurdag kr 450*/ kr 550

* Ei lita billettavgift til Hoopla kjem i tillegg når du kjøper billett.

Klikk på logo under for å kjøpe billett!



Aktivitetar

Alle aktivitetar er inkludert i festivalpass

Fjelltur til Hartevassnutane - med musikalsk overrasking!

Laurdag kl. 12.00. Oppmøte ved billettvogna.
Me går samla frå festivalområdet opp til Hartevassnutane. Det er god stigning opp, og til tider litt ulendt. Men me tar det rolig så alle kan vere med :) Frå toppen er det flott utsikt over Hovden og innover Austheiane! Møt opp med gode sko, klede etter veret samt drikke og litt mat. Me er nede att seinast kl. 14.30.

Ståpadling (Stand Up Paddle)

Laurdag kl. 12.00 - 16.00 på festivalområdet.
Me låner ut brett, våtdrakt og vest. Du får tips om korleis ein kjem i gong med denne fine aktiviteten. Det er altså snakk om eit stort surfebrett der ein står oppe og padlar med ei lang åre. 

Andeløp i Otra

Laurdag kl. 13.30. Oppmøte ved billettvogna. Her kan også born vere med. Alle deltakarar kjøper ei badeand i billettbua. Endene blir samla kasta ut i elva nord for Støylsbrua, og me følgjer med frå land nedover (utan å røre endene...). Kven kjem først til mållina ved Hartevatn? Det blir premieutdeling rett etter løpet.

Felles tur i "barfotløypa"

Laurdag kl. 15.00. Oppmøte ved billettvogna.
Av med sko og sokkar, og ut på tur langs stiar i skogen :) I tillegg til gratis fotsoneterapi får du og føtene dine millionar av elektronar (antioksidantar) frå moder jord. Dette er ei fin oppleving som alle kan vere med på - og god oppvarming til konsertane som startar like etterpå!

Elles blir det moglegheiter for ""sjølvaktivisering" med slakk line, kasteøvingar og forskjellige aktivitetar på festivalområdet. I opningatida på Hegni kan ein leige båt eller kano.

Eller ein kan sikre seg plass i ein sofa, på stranda eller i ei hengekøye og berre nyte stemninga :)

Galleri-artikkel

Opplev stemninga med bilete frå tidlegare år!

Frivillig

MÚRT'E
"Ein Múrt'e er ein person som jobbar jamnt og trutt, men ikkje så fryktelig fort." 

Om lag 50 Múrtar (frivillige) er med før, under og etter festivalen - og gjer det til ei flott oppleving for gjestane våre :) 

VIL DU VERE MED?

Meld deg på

Som Múrt'e får du:

  • Jobbe saman med ein bra gjeng som har det gøy undervegs
  • Gratis festilvalpass
  • Gratis Múrteskjorte
  • Delta på Múrtehelg med planlegging og hygge før festivalen
  • Múrtefest med mat og drikke i løpet av hausten/vinteren
  • Halv pris på mat på festivalområdet

Du må vere 18 år for å vere Múrt´e.

Me treng hjelp til...

  • Billettsal, bongesal og informasjon
  • Rigging og rydding av festivalområdet
  • Vakthald & "plastremúrtar"
  • Barpersonell og rydding
  • Nattevakter
  • Rigging av scene/lyd/lys
  • Sjåfør 

Informasjon

Her finn du informasjon om overnatting, transport, mat, betaling, parkering, internett og anna. Klikk på + for å få opp all informasjon.

FESTIVALOMRÅDE

Festivalen blir arrangert på stranda i Hegni Friluftsområde, med bjørkeskogen, Hartevatn og fjella rundt som kulissar. Alt skjer ute - og me er på fjellet. Så ta med nok klede. Sjølv om kortbuksa kan gjere nytta på dagtid så er dunjakke og lue godt å ha om kvelden.

Me set opp festivaltoalett på området, i tillegg til at det er toalett i kioskbygget utanfor området.

Det er 18-års aldersgrense på Rekordfestivalen


RABATTERT OVERNATTING

Her er nokre hyggelege prisar på overnatting for festivaldeltakarar:

HOVDEHYTTA

  •   5-sengs leilegheit fredag - søndag kr 1 500,-                                   
  • 7-sengs leilegheit fredag - søndag kr 1 700,-                                 
  •   10-sengs leilegheit fredag - søndag kr 2 000,-

Kontakt Hovdehytta for bestilling, og vis til tilbud Rekordfestivalen. 

post@hovdehytta.no / tel 37 93 99 00

HOVDEN HØYFJELLSENTER

  • 6-sengs hytte (2 soverom) fredag - søndag kr 1 500,-
  • 9-sengs hytte (3 soverom) fredag - søndag kr 2 000,-

Kontakt Hovden Høyfjellsenter for bestilling, og vis til tilbud Rekordfestivalen.  

post@hovdenhoyfjellsenter.no / tel 37 93 95 01


HOVDESTØYLEN HOTEL & LODGE


Overnatting i budsjett dobbeltrom inkl. frukost kr 495,- per person/ døgn.

Kontakt Hovdestøylen for bestilling, og vis til tilbud Rekordfestivalen.

post@hovdenresort.com/ tel 37 93 88 00



MATSERVERING

Sanna og Torjus frå Food For Your Mood står for matserveringa på Rekordfestivalen. Høyrd på festivalen i fjor: "Maten var fantastisk! Me gadd ikkje lage mat på hytta, men åt alle måltid på festivalen." 


BETALING

For å handle i baren må du ha leskelappar (drikkebongar). Dette får du kjøpt i bongeteltet inne på området, eventuelt i billett-/ infobua ved inngangen. Begge plassar kan du betale med kort. 


KVA KAN DU HA MED?

Sidan det kan vere godt med litt ekstra klede utover kvelden er det lov å ha med sekk/ veske inn på området. Desse vil bli sjekka av vaktane som passar på at du ikkje har med:

Alkohol - Flasker - Paraply - Og sjølvsagt ikkje kniv eller anna som kan brukast uvitugt :)


MILJØ

Rekordfestivalen går føre seg ute i eit flott område, og me treng hjelp av DEG for å halde det miljøfokuset me legg opp til. Du hjelper oss ved å sortere søppel og boksar i riktige dunkar/ sekkar. Sneipar og snus kan du kaste i merkte bøtter eller i bålpanner langs stranda. I tillegg til grønt fokus håpar me alle stiller med godt humør, så også det sosiale miljøet blømer :)


PARKERING

Det er få parkeringsplassar i Hegni under festivalen. Me oppfordrar gjester til å la bilen stå heime, og ta føtene eller sykkelen i bruk. Eventuelt kan ein parkere i parkeringskjellaren i sentrum, og gå derfrå. På Hegni er det viktig å passe på at det er fri framkomst til brannstasjonen.


TRANSPORT - RABATT PÅ BUSS

Alle som har kjøpt billett på førehand får rabatt hos Setesdal Bilruter på strekningane Arendal - Hovden og Kristiansand - Hovden :) Tilbodet gjeld i perioden 21. - 24. august. Vis utskrift av billetten din til sjåføren, så får du 30 % rabatt på billetten du kjøper (gjeld vaksen). Rutetider finn du her.


INTERNETT

Bykle Breiband riggar opp trådlaus sone for festivalen - så då er det berre å dele bilete og inntrykk :) Merk oss gjerne i instagram. Du kan og sjekke programmet på nettsida vår undervegs på festivalen. Dekninga er best ved kiosken og eit stykke innover bukta.


Ingvild
Festivalsjef & booking
Ingvild (t) 959 79 856
Betta
Rigging festivalområde
Betta (t) 975 65 974
Nicolai
Rigging festivalområde
Nicolai (t) 970 41 175
Lars
Aktivitetar & sikkerheit
Lars (t) 489 96 158
Kirsten
Billettar & informasjon
Kirsten (t) 978 85 013
Gunnhild
Barsjef
Gunnhild (t) 92610824

post@rekordfestivalen.no | tel 959 79 856 | Røyrvikvegen 5, 4755 Hovden